Human ernæring
Som ernæringsstudent får du forskingsbasert kunnskap om samanhengane mellom kosthald og helse. Studiet tar opp tema som ernæring gjennom livet og ernæring ved førebygging av sjukdom.Gjennom studiet får du grundig kunnskap om human ernæring: Fordøyelse og opptak av næringsstoff i kroppen, metabolisme og helseeffektar, innhald i maten, ernæringsutfordringar og fysiologien til mennesket. Det blir lagt vekt på forskingsetikk, statistikk og forskingsmetodar som blir brukt i ernæringsforsking. Du lærer å bruke metodar som kosthaldsregistrering, næringsstoffanalyse og biokjemiske/molekylærbiologiske teknikkar.Du får undersøke samfunnsutfordringar knytt til ernæring og dei store folkesjukdomane som hjarte- og karsjukdommar, kreft, diabetes og fedme. Aktuelle forskingsspørsmål frå masteroppgåver er eksempelvis: Kva skjer i kroppen dersom maten vi et inneheld mikroplast? Har personar med fedme annleis genuttrykk enn slanke menneske? Er det alltid bra å ete mykje fisk?
Kommende startdatoer
1 tilgjengelig startdato
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder,...
Highlights